Hallgrim Hansegård

Hallgrim Hansegård was born in 1980.

Han er ein norsk koreograf, dansar og gründer kjent for modige og leikne prosjekt på tvers av fysiske, mentale og kulturelle grenser. Han har klart å gjera den relativt ukjente, lokale dansetradisjonen halling dagsaktuell gjennom verdsomspennande dataspel og tv-program. Ei av styrkene hans er evna til å finne interessante og uventa samarbeidspartnarar, og han har eit særs rikt nettverk innanfor all slag kunst, idrett og media.

Arbeida hans er framført i meir enn 30 land, sensurert av den katolske kyrkja i Italia og sett av meir enn ein milliard tv-sjåarar og 100 millionar på YouTube. I 2006 etablerte han FRIKAR (drifta av Leug AS), eit dansekompani som har skapt nye moglegheiter og arbeid for dansarar innan subsjangrar som halling, break dance, capoeira og nysirkus. I 2012 etablerte han Frikar-Akademiet AS som organiserer den pedagogiske verksemda og talentutviklinga til FRIKAR. Hansegård grunnla i 1999 Fjelleik-prosjektet ved Valdres vgs som framleis er eit viktig spenningsalternativ til det høge forbruket av narkotika i regionen. I 2016 starta han opp Toppidrett FRIKAR ved same skule.

Hansegård har også engasjert seg for flyktingar og mot rasisme gjennom kunstprosjekt og kronikkar i Aftenposten.

Hallgrim Hansegård er utdanna i 3D-animasjon (Autodesk Maya) samt digital kunst ved Accademia delle Arti Digitali i Firenze (2000-2003.) Han har arbeidd utforskande med nye animasjonsteknikkar, og har blant anna vist film under Biennalen i Venezia 2003. I 2012 samarbeidde han med FUNCOM om bruk av bevegelsesmaterialet hans i dataspelet Age of Conan. Hansegård har også utdanning som filmskapar frå Nordland Kunst- og Filmskole, har laga animasjonar for TV2 og til ei rekke scenekunstproduksjonar

Awards:

    • The Silver Prize of Performing Arts, Prix Italia 2013
    • Award for Best Choreography under Eurovision Song Contest 2009
    • Norsk meister i halling 2011, 2012 & 2013 og 2015. Andremann i 118 år lang historie til å vinne fire NM og kongepokalen som blir delt ut kvart åttande år.
    • Hovudartist under Festspillene i Begen 2010
    • Norsk ambassadør for Dansens dager 2010
    • Årets bygdprofil 2009 (FRIKAR)
    • Statens kunstnarstipend 2007 (fokekunst), 2012 og 2013 (dansekunst)
    • 3. plass i SUPERDOK 2005, Den Norske Dokumentarfilmfestivalen

Animasjonsfilm på Biennalen i Venezia 2003